Martina Halinárová

Martina Jašicová (fødd 22. april 1993), ei tid gift Martina Schwarzbacherová, seinare Martina Halinárová, er ein slovakisk tidlegare skiskyttar frå Dolný Kubín i Nord-Slovakia.

Martina Halinárová

Martina Halinarova Ostersund 2008.jpg

Statsborgarskap Slovakia
Fødd 22. april 1973
Dolný Kubín
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Martina Schwarzbacherová tok sølvmedaljen i 10 km jaktstart under VM i skiskyting 1999 i finske Kontiolahti. Ho gjekk seg då opp frå sjuandeplassen etter sprintrennet, einast den suverene vinnaren, Olena Zubrilova som representerte Ukraina, makta å halde seg framom henne.

Den slovakiske utøvaren var aktiv internasjonalt frå 1993 til 2011. Ho vann eitt renn i verdscupen i skiskyting; 15 km normalprogram i Lahti vinteren 1995. Sidan fekk ho tre pallplassar i verdscupen i 1999-sesongen. Etter 2003 klarde ho ikkje lenger å hevde seg mot verdseliten.

KjelderEndra