Vinter-OL 1994


Vinter-OL 1994 vart arrangert på Lillehammer. Dette var andre gong OL vart arrangert i Noreg og var dei 17. olympiske vinterleikane i rekkja. Delar av leikane vart haldne på Hamar (der Vikingskipet og Hamar OL-Amfi vart bygt for nettopp dette) og på Gjøvik (Gjøvik Olympiske Fjellhall).

Vinter-OL 1994
Vertsby Lillehammer i Noreg
Nasjonar 67
Idrettsgreiner 12
Opna 12. februar 1994, av Kong Harald
Avslutta 27. februar 1994
Utøvarar
Menn 1 215
Kvinner 522
Totalt 1 737
Dei olympiske leikane

Andre byar som hadde ønskt å arrangera meisterskapen, var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Dæhlie, som deltok i langrenn.

NyvinningarEndra

Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.

Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via Internett, av det norske selskapet Oslonett.

IdrettsgreinerEndra

ResultatEndra

Beste nasjon vart Russland med 11 gullmedaljar. Noreg ende opp med 10 gull-, 11 sølv- og 5 bronsemedaljar.

Dei norske gullmedaljane kom ved:

MedaljestatistikkEndra

Dei beste nasjonane  
Nr. Nasjon G S B Totalt
1   Russland 11 8 4 23
2   Noreg 10 11 5 26
3   Tyskland 9 7 8 24
4   Italia 7 5 8 20
5   USA 6 5 2 13
6   Sør-Korea 4 1 1 6
7   Canada 3 6 4 13
8   Sveits 3 4 2 9
9   Austerrike 2 3 4 9
10   Sverige 2 1 0 3

BakgrunnsstoffEndra