Martyn Ware
Martyn Ware (fødd 19. mai 1956) er ein britisk musikar og plateprodusent. Han var med å starte både The Human League og Heaven 17,[1] og hvar ansvarleg for hittar som «Being Boiled» og «Temptation». Han har òg arbeidd som plateprodusent, og var mellom anna med på comebacket til Tina Turner i 1983 med «Let's Stay Together», Terence Trent D'Arby og albumet Introducing the Hardline According to... i 1987 og han produserte Erasure sitt I Say I Say I Say i 1994.
Martyn Ware | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sheffield | ||
Opphav | Sheffield, England | ||
Aktiv | 1977 til i dag | ||
Sjanger | Elektronisk, synthpop, new wave | ||
Instrument | Song, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | The Human League, Heaven 17, B.E.F. | ||
Plateselskap | Fast Product, Virgin Records, Mute Records | ||
Verka som | Komponist, plateprodusent |
I nyare tid har han samarbeidd med Vince Clarke (som The Clarke & Ware Experiment) på to prosjekt, Pretentious (1999) og Spectrum Pursuit Vehicle (2001).[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Martyn Ware» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ankeny, Jason. «Heaven 17: Biography». Allmusic. Henta 22. april 2016.
- ↑ DiGravina, Tim. «Spectrum Pursuit Vehicle: Review». Allmusic. Henta 22. april 2016.