Opna hovudmenyen

Mascarin Peak (fram til 2003 kalla State President Swart Peak) er den høgaste toppen på Marion Island, med ei høgd på 1 230 meter.[1] Marion Island er den største av Prince Edwardøyane, som ligg i den subantarktiske delen av Indiahavet og tilhøyrer Sør-Afrika. Mascarin Peak er den einaste aktive vulkanen i Sør-Afrika.[1] Det siste utbrotet skjedde i 2004.

Mascarin Peak
fjell
Marion Island, South Africa, EO-1 ALI satellite image, 5 May 2009.jpg
Marion Island
Land Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
Område Indiahavet
Prince Edward Islands
Fjelltype Skjoldvulkan[1]
Høgd 1 230 moh.
Bergartar frå Holocen
Siste utbrot 2004 [1]

Toppen har namn etter Marion du Fresne sin fregatt «Le Mascarin», som sigla forbi øygruppa i 1772. Før 2003 hadde han namn etter Charles Robberts Swart, den siste generalguvernøren av Unionen Sør-Afrika og den første statspresidenten av Republikken Sør-Afrika.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 "Marion Island" - Global Volcanism Program. Volcano.si.edu. Retrieved 2015-04-30.
  2. Elwyn Jenkins (2007). Falling Into Place: The Story of Modern South African Place Names. New Africa Books. s. 47.