Opna hovudmenyen

Marc Joseph Marion du Fresne (22. mai 172412. juni 1772), med etternamnet også stava Marion Dufresne, var ein fransk bretonsk oppdagar som utforska det sørlege Indiahavet, Tasmania og New Zealand. Du Fresne blei drepen av maoriar i 1772.[1] Du Fresne og ekspedisjonen hans er minna gjennom ulike stadnamn, og gjennom forskingsfartøyet «Marion Dufresne II».

Marc-Joseph Marion du Fresne
Fødd22. mai 1724
FødestadSaint-Malo
Død12. juni 1772
DødsstadTacoury's Cove i Bay of Islands på New Zealand
YrkeOppdagar, navigatør, kartograf
KonfliktarDen austerrikske arvefølgjekrigen

LivEndra

Marion du Fresne var fødd i St Malo i Bretagne i ein rik sjøfartsfamilie. Han gjekk tidleg til sjøs, og under Den austerrikske arvefølgjekrigen førte han ulike kaperskip. I 1745 fekk han midlertidig rang som kaptein.[2]

Etter slaget ved Culloden henta han den nedkjempa prins Charles Edward Stuart frå Skottland til Frankrike.[2] For dette fekk han tittelen «fregattløytnant» (lieutenant de frégate) i den franske marinen den 21. oktobrer 1746.[3] Han deltok i Det første slaget ved Kapp Finisterre i 1747 ombord på linjeskipet «Invincible», og blei teken til fange av engelskmennene. Etter tre månader i fangenskap blei han sleppt fri gjennom ei fangeutveksling i august 1747.

Etter krigen sigla han for Det franske austindiske kompaniet til Indiahavet og Kina.[2] Han blei utnemnd til kaptein for kompaniet i 1756. Då Sjuårskrigen braut ut deltok han i ulike militære oppgåver, mellom anna mot den britiske blokaden av Bretagne.[2]

20. april 1756 gifta han seg med Julie Bernardine Guilmaut de Beaulieu i Saint-Louis-kyrkja i Lorient.[3] I 1761 blei han tildelt Ludvigsordenen, Ordre royal et militaire de Saint-Louis. Same året sigla han med astronomen Alexandre Guy Pingré til Rodriguesøya i Indiahavet for å observera Venuspassasjen.[4]

Marion du Fresne fortsette å reisa austover, både i samband med handel og utforsking. Han dreiv hydrografisk utforsking rundt Mauritius, der han slo seg ned i Port Louis og var hamnefut ei tid.[2]

StillehavsekpsedisjonEndra

 
Memorial fountain i Hobart på Tasmania, reist for å minnast tohundreårsjubileet for den europeiske oppdaginga av Tasmania i 1772.

Det franske austindiske kompaniet blei avvikla i 1769, noko som førte til ein del økonomiske vanskar for Marion du Fresne. I 1771 fekk han høve til å leia ein statleg ekspedisjon til Stillehavet. Ekspedisjonen omfatta to marineskip: «Mascarin» med 22 kanonar og «Marquis de Castries» med 16. Føremålet med ekspedisjonen var å ta tahitiaren Ahutoru, som Louis Antoine de Bougainville hadde teke frå Tahiti til Frankrike 1768, tilbake til heimlandet, og å leita etter Terra Australis Incognita.[5]

Ingen av desse måla blei oppfylte. Ahutoru døydde av koppar kort tid etter avgang, og ekspedisjonen fann aldri det australske fastlandet.[5] I staden oppdaga Marion du Fresne fyrst Prince Edwardøyane og deretter Crozetøyane, før han sigla i retning New Zealand og Australia. Skipa hans var fleire dagar ved Tasmania, der Marion Bay i søraust er oppkalla etter han. Han var den første europearen som utforska øya, og viste gjennom kontakten sin med tasmanske aboriginarar at øya ikkje var eit folketomt terra nullius.

New ZealandEndra

 
Monument tl minne om Marc Joseph Marion du Fresne og folka hans i Te Hue-bukta, 'Drapsbukta'.
 
Nærbilde av plaketten på minnesmerket.

25. mars 1772 fekk ekspedisjonen auge på Mount TaranakiNew Zealand. Marion du Fresne kalla toppen Pic Mascarin, utan å vita at James Cook hadde gjeve han namnet Mount Egmont tre år tidlegare. I løpet av den neste månaden utforska dei øyane, reparerte skipa sine og lækja skjørbuken dei hadde fått under reisa.. Dei låg fyrst for anker ved Spirits Bay[6] og seinare i Bay of Islands. Tilhøvet deira til maoriane var fyrst vennskapeleg. Dei kunne kommunisera med maoriane ved hjelp av dei tahitiske orda dei hadde lært av Ahutoru, og maoriane heldt til og med ein seremoni for dei. Etterkvart utvikla det seg konfliktar i samband med tjuveri, der franskmennene heldt maoriar fanga.

12. juni 1772 blei ein fiskeekspedisjon med Marion du Fresne og 15 mann plutseleg angripen av maoriar. Dei fleste i ekspedisjonen blei drepne. Dagen etter omringa ei stor mengd maoriar til den franske hospitalleiren. Franskmennene kjempa imot med skytevåpena sine. Maoriane var nær nok til at franskmennen kunne sjå at mange av dei hadde på seg kleda til dei tapte franskmennene.[1] Dei gjenverande offiserane Jean Roux, Julien-Marie Crozet og Ambroise Bernard-Marie Le Clesmeur tok samla kommando og utførte represaliar mot maoriane i løpet av månaden dei brukte på å klargjera skipa for segling.[7]

Ein månad seinare, den 7. juli, leita Roux gjennom den forlatne paen til maoriane og fann eit tilreidde hovud på ein stokk, og menneskebein ved ein eldstad.[8] Dei forlét staden 12. juli 1772. Utgjevne og uutgjevne skildringar av endeliktet til Marion du Fresne og folka hans blei vidt utbreidde, og gav New Zealand rykte som eit farleg land folkesett av kannibalar som ikkje eigna seg for kolonisering.[7]

Det er ikkje kjend kvifor maoriane angreip. Det kan vera at dei braut eit eller fleire tabu utan å vera klar over det. Maoriane kan også ha frykta at dei ville utfordra autoriteten deira.[9][10]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Diary of du Clesmeur. Historical records of NZ. Vol l1, Robert McNab
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Ideas of Māori origins: ‘The death of Marion du Fresne’». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. teara.govt.nz. 
  3. 3,0 3,1 « L’infatigable capitaine Marc Joseph Marion Dufresne (1724 - 1772) », portrait proposé par Françoise Thibaut, correspondant de l’Académie des sciences morales et politiques, på Canal Académie, 6. januar 2013
  4. Cunat 1857, s. 369.
  5. 5,0 5,1 Beaglehole 1968, s. cxvi-cxvii
  6. Whitmore, Robbie. «Marc-Joseph Marion du Fresne». New Zealand in History. history-nz.org. Henta 26. oktober 2014. 
  7. 7,0 7,1 Quanchi, Max (2005). Historical Dictionary of the Discovery and Exploration of the Pacific Islands. The Scarecrow Press. s. 178. ISBN 0810853957. 
  8. From Tasman to Marsden, R. McNab 1914, Ch 5.
  9. Hughes, Vicki. «Introduction to Margaret Bullock’s Utu: A Story of Love, Hate and Revenge - Fact versus Fiction». New Zealand Electronic Text Collection. Henta 12. desember 2017. 
  10. «The First Pakehas to Visit The Bay of Islands». Te Ao Hou / The New World. No. 51 (June 1965) pages 14-18. Henta 12. desember 2017. 
Bibliografi

BakgrunnsstoffEndra