Maskinlæring er eit fag innan informatikk, nært knytt til kunstig intelligens. Fagfeltet studerer teknikkar som gjer maskina i stand til å lære, altså på eiga hand kunne forbetre evna si til problemløysing. Det er ikkje tilstrekkeleg at maskina kan operere mot omgjevnadene, men han skal òg kunne endre åtferd til ein viss grad. Dette inneber at maskina veit å verdsetje dei resultata som handlingane gjev, at det blir knytt verdiar til utfallet som kan løne gode handlingar og straffe uheldige aksjonar. Den interne læringsalgoritmen til maskina må dermed vere fastprogrammert, i og med at vi ikkje her inkluderer dei såkalla sjølvmodifiserande programma. Algoritmane kan likevel bytast ut undervegs, på grunn av vedlikehald, forbetringar eller vesentlege endringar i problemstilling og miljø. Dei viktigaste bruken av maskinlæring er innan

  • beslutningsstøttesystem, der ein skal ekstrahere kortfatta oversyn frå store mengder data (dette blir ein del av data mining-feltet)
  • stemmeattkjenning,
  • automatisk føring av køyretøy, og
  • andre område der høvet til førprogrammering av maskina er avgrensa

Alle norske universitet, og nokre høgskolar, tilbyr studium som inkluderer maskinlæring som tema.