Massey Ferguson
Massey Ferguson vart til ved at den kanadiske landbruksmaskin- og traktor-produsenten Massey-Harris og det britiske føretaket Ferguson i 1953 slo seg saman til «Massey Harris Ferguson», som i 1958 vart forenkla til «Massey Ferguson»[1].
Massey Ferguson | |||
![]() | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Jordbruk, maskinteknikk | ||
Skipa | 1953 | ||
Forgjengar(ar) | Ferguson | ||
Eigar | Allis-Gleaner Company Corporation | ||
Morselskap | Allis-Gleaner Company Corporation | ||
Land | USA | ||
Produkt | jordbruksmaskin | ||
Nettstad | http://www.masseyferguson.com/ (engelsk) |
Massey Ferguson utvikla seg til ein av dei største produsentane av landbrukstraktorar i verda. På trass av den kanadisk avstamminga forgjekk det meste av den nordamerikanske produksjonen i USA. I Europa har/hadde Massey Ferguson store fabrikkar i Storbritannia og Frankrike. Traktorane vart òg produserte på lisens mange stader i verda: Jugoslavia, India, Iran, Pakistan, Polen, Tyrkia, Venezuela, osb.
På 1970-talet fekk Massey Ferguson økonomiske problem og kom under kontroll av Conrad Black, for så i 1981 å verta reorganisert som Varity Coorperation. I 1994 kjøpte AGCO Massey Ferguson og nyttar no «Massey Ferguson» som eit varemerke. Norsk importør er Eikmaskin.
Galleri
endre-
Massey-Ferguson 135.Foto: K.A. Gallis
-
Massey-Ferguson 3660.
Referansar
endre- ↑ J. Farnworth, The Massey legacy volume one, Japonica Press, 1997.