Massif de la Hotte

18°22′59″N 74°1′32″W / 18.38306°N 74.02556°W / 18.38306; -74.02556

Massif de la Hotte is located in Haiti
Massif de la Hotte avmerkt på Haiti-kartet

Massif de la Hotte er ei fjellkjede sørvest i Haiti som ligg i den vestlege enden av Tiburonhalvøya. Området er relativt fjerntliggjande, og det er eit av dei mest biologisk mangfaldige og viktige områda på Hispaniola. På fjelltoppane finn ein også nokre av dei siste tette tåkeskogane på Haiti. For om lag 2,5 millionar år sidan vart Massif de la Hotte skild frå resten av landet av ein djup og brei sjøkanal, og dette førte til at fjellkjeda vart ein arnestad for endemisme i både fugle-, plante- og reptillivet.[1]

Haiti har eit verdsarvområde på staden.[2] I kjølvatnet av jordskjelvet i Haiti 2010 har Haiti difor fått hjelp av verdsarvprogrammet til UNESCO for å vurdere skadane.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Endangered Areas» av Andrea Townsend.
  2. «National History Park – Citadel, Sans Souci, Ramiers» hjå UNESCO.
  3. «World Heritage in Haiti» hjå UNESCO (20.01.2010).