Masurka (polsk mazurek, fleirtal mazurki, 'masurisk dans') er ein gammal polsk pardans i ujamn 3-takt og moderat tempo. Dansen blir utført med varierte og ofte improviserte rørsler. Dansen er ein polsk nasjonaldans, men er også utbreidd andre stader. I norsk tradisjon er masurka ein polkett, ein dans i 3/4 takt i slekt med hambo.

Par som danser masurka. Teikning frå 1845.
Masurka nr. 2 i D-dur, Op. 33, av Chopin.

Innan kunstmusikk blei masurkaen innført av Chopin, og seinare dyrka av komponistar som Glinka, Tsjajkovskij og Karol Szymanowski.

Kjelder

endre
  Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.