Opna hovudmenyen

Frédéric-François Chopin (1. mars 181017. oktober 1849) var ein polsk komponist og pianist. Han vart fødd som Fryderyk Franciszek Chopin, men tok det franske namnet (som han er mest kjend under) då han i ung alder drog tilbake til farens heimland, Frankrike, og slo seg ned i Paris, der han verka det meste av livet sitt. Etternamnet vert nokre gonger skrive Szopenpolsk. Chopin komponerte mesta utelukkande for piano.

Frédéric Chopin
Chopin, by Wodzinska.JPG
Fødd22. februar 1810
FødestadŻelazowa Wola
Død17. oktober 1849
DødsstadParis
FødenamnFryderyk Franciszek Chopin
OpphavFrankrike, Det russiske imperiet
Sjangerromantisk musikk, klassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, musikkpedagog, virtuos, musikar
MorTekla Justyna Chopin
FarNicolas Chopin
Sambuar medMaria Wodzińska, George Sand
Det einaste kjende fotografiet av Chopin, 1849
Minnesmerke av bilethoggaren Józef Gosławski over Frédéric Chopin i fødestad hans Żelazowa Wola (Polen)

Innhaldsliste

BiografiEndra

Med fransk far og polsk mor vart han fødd i Żelazowa Woła nær Warszawa i Polen, og starta den musikalske utdanninga si i 1816. Han komponerte sitt første verk i 1817 og heldt sin første offentlege konsert i 1818. Han studerte musikk først hos Joseph Elsner og etter 1826 ved musikkakademiet i Warszawa. Han var først og fremst klassisk utdanna, med vekt på Bach, Mozart og Haydn. På grunn av dei svært begrensa tilhøva i Warszawa, drog han som tjueåring til Wien for å skape seg ei karriere, men den austerrikske hovudstaden hadde nok av talentfulle pianistar, og han vart ikkje lagt særleg merke til. Deretter drog han til Paris, der han vart verande resten av livet.

Blant Frédéric Chopins venner var Franz Liszt, Vincenzo Bellini (som han er gravlagd ved sida av Père Lachaise) og Eugène Delacroix. Han var også ein venn av komponistane Hector Berlioz og Robert Schumann. Chopin var ikkje tilhengar av deira musikk, men dediserte nokre av sine komposisjonar til dei.

For å minnast Frédéric Chopin vert det kvart fjerde år heldt ein internasjonal pianokonkurranse i Warszawa.

Chopin og George SandEndra

Chopins kanskje mest kjende vennskap var med forfattarinna George Sand, eit forhold som varte i ti år, til dei vart samde om å skilje lag da Chopins sjukdom vart verre. Ein nemneverdig episode i deira liv saman var ein turbulent og miserabel vinter på Mallorca, kor dei var det meste av tida i uoppvarma hytter. Desperasjonen frå denne tida kan sporast i dei 24 preludia (op. 28), som Chopin skreiv mesteparten av tida på Mallorca. Klimaet fekk ein så alvorleg innverknad på Chopins helse (han leid av ein kronisk lungesjukdom) at han og George Sand var nøydde til å dra attende til Paris for å berge livet hans. Han overlevde, men vart aldri heilt frisk att etter dette opphaldet.

 
Chopins grav på Père Lachaise-gravlunden i Paris

Død og gravferdEndra

Chopins dødsårsak var offisielt tuberkulose, sjølv om det vert spekulert i om han eigentleg døydde av andre lungesjukdomar som cystisk fibrose eller lungeemfysem. Han hadde ønskte at Mozarts rekviem skulle framførast i gravferda hans, som skulle haldast i Madeleinekyrkja. Rekviemet inneheld større delar kvinneleg koring, men Madeleinekyrkja hadde aldri tillate kvinnelege songarar i koret sitt. Gravferda vart utsett mesta to veker mens debatten raste. Til slutt gav kyrkja etter og oppfylte Chopins ønskje. Han vart gravlagd i Paris, men som Chopin hadde bede om, vart hjarta hans frakta til Polen og murt inn i den heilage krosskyrkja i Warszawa.

MusikkEndra

Musikken hans høyrer heilt klart til i romantikken i den klassiske musikken, men Chopin likte ikkje omgrepet og ville ikkje assosierast med det.

Alle stykka hans, utan unntak, inkluderer piano. Dei fleste av desse er skrivne for solo piano, men det er også eit mindre tal verk for andre instrument og song.

VerkEndra

SolopianoEndra

Piano og orkesterEndra

  • 2 konsertar for piano og orkester
  • 4 andre verk - Variasjonar av La ci darem la mano; Krakowiak; Grand Fantaise on Polish Airs; Andante spianato and Grande Polonaise brillante

VokalEndra

  • 20 songar på polsk for songstemme med piano.

KammermusikkEndra

AnnaEndra

BakgrunnsstoffEndra