Bakterien Salmonella typhimurium blant kultiverte menneskeceller

Matforgiftning eller matboren sjukdom er ein akutt mage-tarmsjukdom forårsaka av inntak av skjemd mat. Dersom fleire enn to personar er vorte sjuke etter å ha ete det same, tyder dette på ei matforgifting.

Matforgifting er framkalt av giftstoff, toksin, frå sjukdomsframkallande bakteriar eller virus i matvarer. Ein føresetnad for forgifting er førekomsten av toksin, og skil symptom og kliniske teikn frå vanlege infeksjonar. Toksin er eit kjemisk stoff som i låge konsentrasjonar er biologisk giftig og som er produsert av mikroorganismar som bakteriar og virus. Næringsmidla kan innehalde toksin produserte av einskilde mikroorganismar under vekst i næringsmiddelet eller i menneskekroppen (tarmen) etter inntak.

Symptoma kan vere sterke med smertar i magen, oppkast og diaré, men er oftast lette, avhengig av toksinmengda. Matforgiftinga kan vare frå timar til nokre få dagar. Når det samstundes er levande bakteriar i maten, vil tilstanden etter ei viss tid gå over i ein regulær tarminfeksjon (salmonellose, dysenteri). I andre tilfelle kjem matforgiftning av toksin framkalla av andre bakteriar, særleg stafylokokkar. Her er inkubasjonstiden særs kort, gjerne frå to til fire timar, der brekningar, diaré og ofte kollaps kan vere symptom. Begge desse formene for matforgifting er stort sett godarta, men krev nokre gonger intensiv væskebehandling, fordi væsketapet med avføringa kan bli stort.[1]

KjelderEndra

  1. «matforgiftning». Store medisinske leksikon. 21. august 2018. Henta 15. februar 2020. 
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.