Matsentralen Oslo

Matsentralen Oslo (MSO) er den første offisielle matbanken i Oslo. Organisasjonen fekk Oslo Miljøpris for 2016, «for å redistribuere overskuddsmat til vanskeligstilte og sikre at store mengder mat som ellers ville blitt kastet blir dermed spist».[1]

Matsentralen er ein profesjonell samarbeidspartnar for matvarebransjen som sørgjer for at bransjen enkelt kan gi frå seg overskotsmat, som så kan formidlast raskt og effektivt vidare til nokon som treng han. God logistikk gjer det enkelt for veldedige aktørar å hente store mengder mat på ein stad.[2]

Sentralen blei stiftet i 2013 etter initiativ frå daglegvarebransjen, av Blå Kors, Evangeliesenteret, Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon og IOGT Norge. Han er finansiert gjennom støtte frå daglegvarekjeder, leverandørar, legat, stiftingar og gåver frå næringslivet. Sentralen er medlem av den europeiske føderasjonen av matbanker, FEBA. MSO er også medlem av Matsentralen Norge, paraplyorganisasjonen til alle matsentralar i Noreg.

I 2017 omfordelte MSO 1270 tonn mat tilsvarande 2,5 millionar måltid.[3]

Matsentralen fekk Oslo Miljøpris for 2016, delvis på bakgrunn av korleis MSO på ein sosial og inkluderende måte løyste MSO miljøutfordringane med matsvinn.[1]

Dagleg leiar og styreleiar endre

Styreleiar per 2017 er Lindis Evja og dagleg leiar er Cristiano Aubert.[4]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 «Vinnere av Oslo miljøpris 1998-2017». Oslo kommune (på norsk). 
  2. «Hjem - Matsentralen Norge», Matsentralen Norge (på engelsk), henta 26. juni 2018 
  3. «Hjem - Matsentralen Norge», Matsentralen Norge (på engelsk), henta 26. juni 2018 
  4. «Hjem - Matsentralen Norge», Matsentralen Norge (på engelsk), henta 26. juni 2018 

Bakgrunnsstoff endre