Frelsesarmeen

Frelsesarmeen (frå engelsk Salvation Army) er eit kristent kyrkjesamfunn og veldedig organisasjon. Frelsesarmeen vart grunnlagd av ekteparet Catherine og William Booth i London 1865. Først brukte dei namnet East London Christian Mission. Salvation Army, det vil seie Frelsesarmeen, vart teke i bruk i 1878. Då omorganiserte Wiliam Booth organisasjonen til den halvmilitære forma han har hatt seinare.[1]

Frelsesarmeen sitt skjold

Frelsesarmeen sin verdsleiar er general Brian Peddle. [2]

I Noreg vart Frelsesarmeen starta den 22. januar 1888[3] av Hanna Ouchterlony. Den første kyrkjelyden vart grunnlagd i Kristiania, den andre i Arendal. Frelsesarmeen i Noreg vart offentleg godkjend som eige trussamfunn i 2005. Øvste leiar for Frelsesarmeen i Noreg, Færøyene og Island er kommandør Knud David Welander.[4]

KjelderEndra

  1. «Report on the records of the Salvation Army». Nationalarchives.gov.uk. Henta 11. april 2012. 
  2. «New leadership for The Salvation Army in the UK and Ireland | News Centre». news.salvationarmy.org.uk. Arkivert frå originalen 1 December 2017. Henta 20 November 2017. 
  3. «Historie», Frelsesarmeen (på norsk), henta 31. mai 2021 
  4. «Organisering», Frelsesarmeen (på norsk), henta 31. mai 2021 
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.