Matteus

mannsnamn
(Omdirigert frå Matthæus)
For apostelen, sjå Evangelisten Matteus. For evangeliet, sjå Evangeliet etter Matteus.

Matteus er eit mannsnamn som kjem av ei gresk og ei latinsk form av det semittiske namnet Mattatja, som betyr 'Jahves gåve'. Matteus har svensk namnedag den 21. september; forma Matthæus har dansk namnedag same dato. Denne dagen er også tradisjonell matteusmesse i vestleg kristendom, til minne om evangelisten Matteus

Måleri av evangelisten Matteus frå 1598. Frå preikestolen i Tjølling kyrkje i Larvik.

Matteus er avleidd av gresk Matthaios, som igjen kjem frå det hebraiske Mattai (מתי), eit kjælenamn for Mattitjahu (מתתיהו) eller Mattitja (מתתיה). Namnet Mattias har same opphav. Den engelske forma av namnet er Matthew.

NamneberararEndra