Tjølling kyrkje er i Larvik kommune i Vestfold.

Tjølling kyrkje
kyrkje
Foto: J. P. Fagerback
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Tjølling
Fellesråd Larvik
Type Langkyrkje
Material Stein
Innvigd 1100-talet
 - Vigd til Jomfrua Maria og Mikael
 - Endringar Sjå teksten
Takryttar Ja
Klokker 1725 og 1757
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1598 (med nyare detaljar)
Døypefont Ca. 1700
Altartavle 1632, barokk stil
Orgel Stockmann, 2010[1]
Sitjeplassar 244[2]
Diverse Dåpshus 1760-talet, Kristian III-bibel frå 1633, glasmåleri av Borgar Hauglid (utført av Finn Hansen) 1952 mm.
Kart
Tjølling kyrkje
59°03′24″N 10°07′33″E / 59.05666667°N 10.12583333°E / 59.05666667; 10.12583333
Wikimedia Commons: Tjølling kirke

Området der kyrkja står, var eit lokalt maktsentrum for søre Vestfold i mellomalderen med m.a. kaupangen i Skiringssal og ein gamal kultplass. Kyrkja vart bygd på 1100-talet som basilika[3] og skal i si tid ha vore den største kyrkja på landsbygda i Nord-Europa.[4] Ein trur at kyrkja brann på 1400-talet, og ho vart ramt av eit jordskjelv i 1759 og uver i 1760–61.

I 1762-64 vart so kyrkja bygd om av eit par tyske byggmeistrar og mista dermed basilikapreget. I staden fekk ho ein konstruksjon der veggane ber vekta av takkonstruksjonen. Det brann i tårnet (frå 1698) i 1783, 1800 og 1833, og i 1842 fekk kyrkja den takryttaren ho framleis har. Ho vart restaurert i 1860 og 1975.

Søraust for kyrkjegarden er Tjølling prestegard.

Bilete frå kyrkja endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Sjå spesifikasjonar.
  2. Larvik kyrkjelege fellesråd, medan Kyrkjesøk hevdar at det dreier seg omm 500.
  3. Gunnar Bugge: Basilica
  4. Tjølling kirke: veien, sannheten og livet i bygda gjennom 850 år. Resten av historieframstillinga bygger på same bok.