Matthew Booth
sørafrikansk fotballspelar
Matthew Paul Booth (fødd 14. mars 1977 i Cape Town) er ein sørafrikansk fotballspelar som har spela i forsvar for Mamelodi Sundowns i den sørafrikanske fotballigaen, og for landslaget til Sør-Afrika. Frå 2002 til 2009 spelte han som utanlandsproff i Russland. Han debuterte for A-landslaget til Sør-Afrika 20. februar 1999 i ein kamp mot Botswana. Han var òg med på Sør-Afrika sitt lag under sommar-OL i 2000. Han vart teken ut til Sør-Afrika sin tropp til fotball-VM i 2002, men måtte melda forfall grunna ein skade.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Matthew Paul Booth | ||
Fødd | 14. mars 1977 | ||
Fødestad | Cape Town | ||
Høgd | 198 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Mamelodi Sundowns | ||
Nummer | 77 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1994-96 |
Fish Hoek Cape Town Spurs | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1994-98 1998-2002 2001 2002-04 2004-09 2009- |
CT Spurs Mam. Sundowns Wimbledon (lån) Rostov Krylja Sovetov Mam. Sundowns |
92 (5) 114 (6) 0 (0) 52 (1) 107 (7) 24 (0) | |
Landslag | |||
1997-2000 1999- |
Sør-Afrika U23 Sør-Afrika |
35 (2) 29 (1) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 13. mai 2010 |