Republic of Botswana

(norsk: Botswana, botswansk)

Det botswanske flagget Det botswanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Fatshe leno la rona»
Motto Pula («regn»)
Geografisk plassering av Botswana
Offisielle språk Engelsk, setswana
Hovudstad Gaborone
Styresett
Republikk
Ian Khama
Flatevidd
 – Totalt
 
581 730 km² (47.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 214 858 (142.)
3,8 /km²
Sjølvstende
frå Storbritannia
30. september 1966
Nasjonaldag 30. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
37 050 mill. USD (113.)
18 400 USD (73.)
Valuta Botswansk pula
Tidssone UTC +2
Telefonkode +267
Toppnivådomene .bw


Botswana, offisielt Republikken Botswana er ein innlandsrepublikk i det sørlege Afrika. Landet grensar i aust til Zambia og Zimbabwe, i sørvest og sør til Sør-Afrika, og i vest og nord til Namibia.

Namnet Botswana kjem frå namnet på bantufolket, tswanaene (fleirtal Batswana), den største folkegruppa i landet. Geografisk er det flatt, og oppimot 70 % er dekt av Kalahariørkenen. Landet har eit areal på 581 730 km², hovudstaden er Gaborone og det høgste punktet er Tsodilo Hills på 1 489 moh.

Under britisk styre heitte landet Protektoratet Bechuanaland, men tok Botswana som nytt namn etter at det vart sjølvstendig innanfor Samveldet 30. september 1966. Botswana var før sjølvstendet eit av dei fattigaste landa i verda, men har seinare hatt stor økonomisk vekst. I dag vert det rekna som eit av dei mest vellukka demokratia i Afrika. Økonomien er tett bunden opp til Sør-Afrika, og er dominert av gruvedrift, særleg diamantar. Kvegdrift og turisme er også viktige næringsvegar.

Dei tre største folkegruppene i landet er tswanaene, kalangaene og sanfolket. Sistnemnde har sidan midten av 1990-åra vore part i ei usemje med regjeringa, som vil at dei skal flytte frå landområda sine i Kalahariørkenen på grunn av bygging av diamantgruver.

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå botswansk geografi.

Topografi endre

 
Kart over Botswana

Botswana er eit kystlaust land i det sørlege Afrika. Med eit areal på 581 730 km² er det på storleik med Kenya og Madagaskar. Landet har grenser til Zambia (mindre enn 1 km) og Zimbabwe (813 km) i aust, til Sør-Afrika (1 840 km) i sørvest og sør, og til Namibia (1 360 km) i vest og nord.

 
Utsyn over Okavangodeltaet
Foto: Justin Hall

Landet ligg på den sørafrikanske høgsletta, om lag 1100 moh. Ei tørr slette med vide, slake søkk og enkelte høgare åsparti utgjer store delar av landet. Dessutan er store område dekte av veldige sandavsetjingar, og berre i aust kjem det faste fjell fram i dagen. Tsodilo Hills er det høgste punktet i landet med sine 1489 moh. Den sørlege delen av Botswana er dominert av halvørkenen Kalahari som dekkjer oppimot 70 % av landet. Det største innlandsdeltaet i verda, Okavangodeltaet, ligg i den nordvestlege delen av landet. Det har utspring i høglandet i Angola og dannar eit stort sumpområde. I det same området finn ein elles dei einaste stabile vassdraga i landet. Det store saltbassenget Makgadikgadibassenget, som er avvekslande tørt og vått alt etter årstida, ligg mot nord.

Nokre store miljøproblem i landet er dårleg tilgang til ferskvatn og ørkenspreiing. All elektrisitet vert dessutan produsert av fossile brennstoff, i tillegg til at landet importerer elektrisitet.

Klima endre

Halve Botswana er dekt av ørken, men klimaet er likevel ikkje så verst. Sola skin stort sett året rundt, frå dei tørraste områda i sør til sumpområda i Okavangodeltaet. Strekket frå deltaet til Francistown er det våtaste området av landet, men sjølv i regntida (oktober til mai) kjem det berre torebyer om lag kvar fjerde dag, og dei varer sjeldan lenge. Francistown har ein normal årsnedbør på 448 mm (om lag alt i regntida). Tørke kan derimot vere eit problem. Luftfukta er høg, men er sjeldan ubehageleg i og nær deltaet, der tåke ofte kan dempe temperaturane om vinteren. I sørlege område er det derimot mykje tørrare.

Vinteren er tørketid, og temperaturane kan gå under 10 °C om natta, og i somme tilfelle kan ein få frost. Dei solrike ettermiddagane kan derimot gje temperaturar over 20–21 °C. Sjølv om Kalahariørkenen ikkje har så stor utstrekking, kan kraftig vind om vinteren piske opp salt og støv i lufta og føre dei med seg.

Plante- og dyreliv endre

Botswana har mange område som er avsette til nasjonalparkar og truleg den største attverande bestanden av savannedyr i Afrika. For i tillegg til deltaet og ørkenområda, har ein grassletter og savannar, der ein finn stripegnu, antilopar og andre pattedyr og fuglar. Nord-Botswana har ein av dei siste store bestandane av den utryddingstruga afrikanske villhunden. Chobe nasjonalpark i North-West District har den største konsentrasjonen i verda av afrikanske elefantar. Parken dekkjer eit område på omtrent 11 000 km² og har om lag 350 fugleartar.

Chobe nasjonalpark og Moremi viltreservat (i Okavangodeltaet) er store reisemål for turistar. Andre reservat er Central Kalahari viltreservat, som ligg i Kalahariørkenen i Ghanzi District, og Makgadikgadibassenget nasjonalpark og Nxaibassenget nasjonalpark, som ligg i Central District i Makgadikgadibassenget. Mashatu viltreservat er privatått og ligg der elvane Shashe og Limpopo møtest i Aust-Botswana. Det andre privatåtte reservatet er Mokolodi naturreservat nær Gaborone. Det finst også spesialiserte reservat, som Khama Rhino-reservatet (for nashorn) og Makgadikgadireservatet (for flamingoar). Dei ligg begge i Central District.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå botswansk historie.

Bakgrunn endre

 
Døme på bergmåleri i Tsodilo-området. Enkelte av dei skal vere 24 000 år gamle.

Urfolka i Botswana er san- (basarwa) og khoefolka (bakgothu). Dei fyrstnemnde var hovudsakleg jegrar og samlarar, men dreiv også noko husdyrhald og fiske i elvane. Verktøya deira var av stein, tre og bein.[1] Khoe-folket dreiv meir med kveg, men var også avhengige av jakt. Begge levde dei i små og lausleg organiserte grupper, utan særlege statsdanningar. Framleis er det nærare 50 000 basarwaar i Botswana, men svært få av dei lever på det tradisjonelle viset i Kalahariørkenen, og livsstilen deira er under sterkt press. Fleirtalet av folkesetnaden i Botswana i dag er etterkomarar etter bantufolk som innvandra nordfrå for vel 2000 år sidan. Dei introduserte fastbuande husdyrhald, jordbruk og jern[1], og dei blanda seg med det opphavlege folket i området. Slik vart dei åtte ulike tswanastammane ein har i Botswana i dag, utvikla.

1200-talet byrja ulike nasjonar å ta form, som Bakgalagadi, Batswana og Basotho, tre ulike grupper som delvis delte språk og kultur.[2] Denne utviklinga gjekk føre seg i det som seinare vart Transvaal i Sør-Afrika, og 300 år seinare vandra fleire folkegrupper nordover til det som i dag er Botswana. På same tid voks det også fram kongedøme i det som i dag er Zimbabwe, som strekte seg inn i dagens Botswana. Byrjinga på 1800-talet var ei kaotisk tid for Botswana og store delar av det sørlege Afrika, med mykje indre uro og krig mellom folkeslaga i den såkalla mfecaneperioden.[2] Dels skuldast dette innvandringa og etablering av nye statar, noko som dreiv tswanaene vestover. Etter kvart vart også boarane i Transvaal ein trussel.

Kolonitid endre

Seint på 1800-talet kom det til konfliktar mellom shonaene i Botswana og ndebelestammane som vandra inn i territoriet frå ørkenen. Dette og trusselen frå boarane, som var under press frå britane i Sør-Afrika, fekk tswana-leiarane Khama III, Bathoen og Sebele til å be om britane om vern i 1876. Dei ville ikkje etterkome dette ynsket, men oppretta likevel Protektoratet Bechuanaland i 1885. Grunnen var frykt for at boarane i Transvaal og tyskarane i Sørvest-Afrika (Namibia) og Tanganyika ville skape eit samanhengande alliert belte tvers over kontinentet, for dermed å stoppe den britiske ekspansjonen nordover. Då unionen Sør-Afrika vart danna i 1910 av dei største britiske koloniane i regionen, vart ikkje Bechuanaland, Basutoland (no Lesotho) og Swaziland inkludert, men det vart lagt til rette for at ein kunne innlemme dei seinare. Fleire av dei sørafrikanske regjeringane forsøkte då også å få områda overførte. I Bechuanaland frykta ein difor dette heilt fram til Sør-Afrika-republikken vart proklamert i 1961.

Om lag 10 000 soldatar vart rekrutterte frå Botswana til å kjempe for britane under den andre verdskrigen. Etter krigen voks nasjonalkjensla og kravet om sjølvstende. Tidleg i 1960-åra vart fleire parti stifta: Bechuanaland People’s Party, Botswana Independence Party og Bechuanaland Democratic Party – det siste av Seretse Khama (seinare Sir Seretse). Etter press frå nasjonalistane vart det starta grunnlovsforhandlingar i 1963, og Storbritannia gav i 1964 protektoratet indre sjølvstyre, med Seretse Khama som statsminister. Regjeringssetet vart flytta frå Mafeking i Sør-Afrika til den nyleg etablerte byen Gaborone i 1965. Grunnlova av same år førte til det fyrste valet og til at Botswana 30. september 1966 vart ein sjølvstendig republikk. Khama, som også hadde legitimt krav på høvdingskapet til mangwatostammen, vart vald til den fyrste presidenten.

Sjølvstende endre

Administrativ inndeling endre

Distrikt endre

For meir om dette emnet, sjå distrikt i Botswana.

Botswana er delt inn i ni distrikt. Innbyggjartala i tabellen er frå folketeljinga 17. august 2001. 5. september 2003 vart distrikta Chobe og Ngamiland slegne saman til North-West District.

Vidare er distrikta delte inn i 28 underdistrikt.

Kart Nr. Distrikt Hovudstad Areal Folketal
 
1 Central District Serowe 147 730 km² 563 260
2 Ghanzi District Ghanzi 117 910 km² 33 170
3 Kgalagadi District Tshabong 106 940 km² 42 049
4 Kgatleng District Mochudi 7 960 km² 73 507
5 Kweneng District Molepolole 35 890 km² 230 335
6 North-East District Francistown 5 120 km² 132 422
7 North-West District Maun 129 930 km² 142 970
8 South-East District Gaborone 1 780 km² 276 319
9 Southern District Kanye 28 470 km² 186 831

Fakta endre

Kjelder endre

Litteratur endre

Nettstader endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «A Brief History of Botswana» av Neil Parsons (april 1999), innhenta 2. mai 2011.
  2. 2,0 2,1 «Culture and History» hjå Botswana Tourism (2006), innhenta 2. mai 2011.

Bakgrunnsstoff endre