Matthias Mayer
Matthias Mayer (fødd 9. juni 1990 er ein alpin skirennar frå Sankt Veit an der Glan i Austerrike. Han vart olympisk meister i utfor ved dei olympiske leikane i Sotsji i 2014 og like eins olympisk meister i super-g ved dei olympiske leikane i Pyeongchang i 2018. Per 1.1.2022 hadde han vunne ti renn i verdscupen i alpine greiner; 7 i utfor, 3 i super-g og ei kombinasjonstevling. Faren Helmut Mayer høyrde i si tid med i verdseliten i alpin skisport.
Matthias Mayer | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 9. juni 1990 (34 år) Sankt Veit an der Glan |
Idrett | alpint |
Tok del i | Alpint under Vinter-OL 2014 – Utfor menn, Vinter-OL 2018 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Matthias Mayer» frå Wikipedia på tysk, den 15. januar 2022.