Matyra (russisk Маты́ра) er ei elv i Tambov og Lipetsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Voronezj frå venstre i nedslagsfeltet til Don. Elva er 180 km lang og har eit nedslagsfelt på 5 180 km².

Matyra
elv
Land Russland
Nedslagsfelt 5 180 km²
Lengd 180 km
Middelvassføring 11,7 /s
Munning Voronezj
Kart
Matyra
52°38′00″N 39°41′00″E / 52.633333333333°N 39.683333333333°E / 52.633333333333; 39.683333333333
Wikimedia Commons: Matyra River

Byen Grjazi ligg ved Matyra.

Elva får stort sett tilførsel frå snøsmelting. Matyra frys til i november eller tidleg i desember og vert isfri att i slutten av mars eller byrjinga av april. Elva har ei middelvassføring på 11,7 m³/s målt 39 km frå munningen.

I 1976 vart det bygd eit reservoar i elva for å gje vatn til Novolipetsk metallurgiske verk.

Ei av sideelvane til Matyra er Lukavka.

Kjelder endre