Mawlamyine

Mawlamyine er delstatshovudstaden i Mon-staten i Burma. Han er den tredje største byen i landet (2011) med rundt 210 000 innbyggjarar.[1] Han ligg ved utløpet til elva Thanlwin,[2] rundt 30 mil søraust for Yangon og 70 km sør for Thaton.

Mawlamyine
မော်လမြိုင်မြို့
by
Viewpoint pagoda.JPG
Pagode i Mawlamyine.
Land Flag of Myanmar.svg Burma
Stat Mon
Distrikt Mawlamyine
Koordinatar 16°29′05″N 97°37′33″E
Folketal 325 927

Mawlamyine
16°29′5″ N 97°37′33″ E
Wikimedia Commons: Mawlamyaing

Namnet på byen blir også skrive Mawlamyaing eller Moulmein med latinske bokstavar. Det burmesiske namnet er မော်လမြိုင်မြို့, uttalt (IPA mɔ̀ləmjàiɴ mjo̰). Mon-namnet er မတ်မလီု, uttalt mo̤t məlɜ̤m.

Mawlamyine er ein hamneby som utgjer det viktigaste handelssenteret og største sjøhaman i Søraust-Burma.[3] Det finst også sagbruk, rismøller og båtbyggeri her.

Under den britiske kolonitdia var Mawlamyine hovudstad mellom 1827 og 1852. Han hadde då ein stor utførsel av teak.[2]

KjelderEndra

  1. Department of Health Planning, Ministry of Health, Myanmar; Township Health Profile 2011 (excelfil).
  2. 2,0 2,1 Næverdal, Cato (18. juni 2012), «Mawlamyine», Store norske leksikon 
  3. «Mawlamyine or Moulmein». allmyanmar.com. Henta 3. februar 2009.