Hamn
(Omdirigert frå Hamneby)
Hamn er eit område ved hav, sjø eller elv. Området tilbyd eit naturleg eller oppbygd vern mot bølger eller tidvatn for skip. Ei hamn er gjerne tilrettelagd med molo eller med bølgjebrytarar. Ei hamn er vanlegvis bygd slik at skip kan plasserast ved ein kai. Slik vert det lettare å frakta varer og passasjerar mellom skip og landjorda. Større hamner ligg gjerne i eller i nærleiken av ein by. Ein slik by vert gjerne kalla ein hamneby.
Verdas største hamner
endreDei ti største hamnene, etter handelsvolum i 2003, målt i millionar tonn:[1]
- Rotterdam (Nederland) 327,8
- Singapore (Singapore) 320,5
- Shanghai (Kina) 315,4
- Hongkong (Kina) 205,8
- Ningbo (Kina) 185,2
- Guangzhou (Kina) 171,1
- Tianjin (Kina) 161,8
- Nagoya (Japan) 153,2
- Antwerpen (Belgia) 142,9
- Tsingtao (Kina) 140,9
I 2005 var Shanghai verdas største hamn.
Sjå og
endreKjelder
endre- ↑ World's Major Ports 2000 - 2003, by metric tons and by TEUs, Port of Rotterdam Arkivert 2006-02-07 ved Wayback Machine. (PDF-fil, 2,3 mb)
Denne geografiartikkelen som har med transport å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.