Maxime Weygand

Maxime Weygand (21. januar 186728. januar 1965) var ein fransk offiser. Han er kjent for å ha kjempa mot den tyske invasjonen i 1940, for seinare å samarbeide med det tyskvenlege Vichy-regimet.

Maxime Weygand
Maxime Weygand.jpg
Fødd 21. januar 1867
Brussel
Død

28. januar 1965 (98 år)
Paris

Yrke militær, politikar
Maxime Weygand på Commons

Under første verdskrigen var Weygand stabssjef under Ferdinand Foch, først som oberstløytnant og seinare som til generalmajor.

Maurice Gamelin fekk sparken som fransk øvstkommanderande i mai 1940 overtok Weygand jobben. Weygand kom raskt til den oppfatninga at vidare kamp var nyttelaus, og gjekk inn for ein fredsavtale med tyskarane.

Weygand vart så forsvarsminister i Philippe Petain si Vichy-regjering. Seinare vart han leiar for dei franske koloniane i Nord-Afrika. Han vart avsett og internert i Tyskland i 1942.

Etter krigen vart Weygand skulda for samarbeid med Tyskland, og vart internert i Val-de-Grâce. Han vart likevel lauslaten i 1946, og endeleg frikjent i 1948.

KjelderEndra