Philippe Pétain
Henri Philippe Benoni Omer Pétain (24. april 1856–23. juli 1951) var ein fransk militær, politikar og statssjef i Vichy-regimet i perioden 1940-1944. Som general leidde han dei franske styrkane i Slaget ved Verdun frå februar 1916. Pétain vann ry for måten han leidde forsvaret av Verdun, og innsatsen gav han status som krigshelt i mellomkrigstida.[1] Frå mai 1917 var han øvstkommanderande for dei franske styrkane på vestfronten, og i 1918 vart han utnemnd til marskalk av Frankrike. I mellomkrigsåra var han generalinspektør for den franske armeén frå 1919 til 1931, krigsminister i 1934 og ambassadør i Madrid i 1939.
Philippe Pétain | |||
| |||
Fødd | 24. april 1856 Cauchy-à-la-Tour | ||
---|---|---|---|
Død | 23. juli 1951 (95 år) | ||
Statsborgar av | Frankrike | ||
Parti | ingen | ||
Yrke | politikar, diplomat, offiser, militær | ||
Utdanna ved | École spéciale militaire de Saint-Cyr | ||
Mor | Clotilde Legrand | ||
Far | Omer-Venant Pétain | ||
Ektefelle | Annie Pétain | ||
Medlem | Académie des sciences morales et politiques Académie française | ||
Alle verv |
16. juni 1940 skipa Pétain ei ny fransk regjering, og innleidde tingingar med tyskarane som førde til våpenkvildavtala i Compiègne 22. juni. 11. juli same året vart han utnemnd til sjef for Vichy-regjeringa. Denne regjeringa samarbeidde i praksis med Nazi-Tyskland, og nøgde seg med ein protest då tyskarane i strid med våpenkvildavtala hærtok Sør-Frankrike i november 1942. Etter den allierte invasjonen av Frankrike i 1944 (Operasjon Overlord), flydde Pétain til Tyskland. Då det tyske nederlaget var eit faktum vende han friviljug attende til Frankrike, der han i 1945 vart dømd til døden for landssvik.
Grunna Pétains høge alder vart domen omstøytt og gjord om til livstid i fengsel. Som ein del av straffa vart Pétain deportert til Île d'Yeu, der han døydde i 1951.[2]
Kjelder
endre- Galdal, P. (1959). Pétain, Philippe. I Norsk allkunnebok. IX. bandet (s. 347-48). Oslo: Fonna Forlag.
Fotnotar
endre- ↑ Sørensen, N. A. (2010). Den store krigen: Europeernes første verdenskrig. Dreyers Forlag. s. 263. ISBN 978-82-8265001-4.
- ↑ Greve, T.: Philippe Pétain i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. desember 2021 frå https://snl.no/Philippe_Pétain