Mayrhofen er ein kommune i distriktet Schwaz i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 178,7 km² og i kring 3 800 ibuarar. Landsbyen Mayrhofen ligg øvst i Zillertal og på austbreidda av elva Ziller, 633 meter over havet.

Mayrhofen
Torget i Mayrhofen

Turisme er hovudnæring i Mayrhofen. Næringa voks fram etter det frå 1879 vart bygt redningshytter i fjellområda kring Zillertal. Og med opninga av Zillertalbahn i 1902 steig tilførsla av fjellturistar.

Skiheisane Penkenbahn og Ahornbahn, i drift frå høvesvis 1954 og 1969, gjorde Mayrhofen til eit internasjonalt kjent feriemål. Ein ny Ahornbahn frå desember 2006 med plass til 160-personar i kvar vogn, gjer gondolbanen til den største i Austerrike.

Vinter-, sommar- og kongressturismen gjer Mayrhofen til det nest største turistmålet i Tirol. Årleg overnattar ein million turistar i kommunen, der det finst 630 km skiløyper, heilårs skianlegg, og stigar for terrengsykling og fjellvandring.

Fjellklatraren Peter Habeler er frå Mayrhofen.

Kjelder endre