Maysalun (arabisk skrift ميسلون) er eit fjellområde sørvest i Syria i austsida av Anti-Libanonfjella kring 12 kilometer vest for Damaskus i Rif Dimashq guvernement i ei høgd på 1090 meter over havet. Området ligg langs den gamle vegen mellom Damaskus og Libanon og har lenge vore kjend for sine khanar og stoppestader. Den næraste byen i området er al-Dimas.

Maysalun
ميسلون
fjellovergang
Land  Syria
Fjellkjede Anti-Libanonfjella
Høgd 1 090 moh.
Koordinatar 33°35′44″N 36°3′53″E / 33.59556°N 36.06472°E / 33.59556; 36.06472
Kart
Maysalun
33°35′44″N 36°03′53″E / 33.595555555556°N 36.064722222222°E / 33.595555555556; 36.064722222222

Maysalun er kjend i syrisk historie som staden der den syriske krigsministeren Yusuf al-Azma nekta å gje etter for dei franske og engelske koloniplanane med å gje dei kamp.[1] Kong Faisal av Syria valde å ikkje kjempe mot franskmennene og trekte seg attende, og fekk seidan eit kongedøme i Irak. Azma valde å kjempe og gjekk i strid mot franskmennene sjølv om han vistte at han var i undertal. Franskmennene gjekk inn i Syria for å danna ein koloni og dei kunstige grensene vart trekte med Sykes-Picot-avtalen i 1917.[2] Slaget vart ein avgjerande fransk siger som gjorde at dei kunne marsjere til Damaskus og starta delinga og koloniseringa av Syria.

Kjelder endre

  1. William Cleveland, A history of the Modern Middle East, Third Edition, s. 166.
  2. William Cleveland, A history of the Modern Midtausten, Third Edition, s. 167.