McMurdo Dry Valleys Long-Term Ecological Research

McMurdo Dry Valleys Long-Term Ecological Research (MCM LTER) er eit amerikansk forskingsprogram for faglege og tverrfaglege studiar av øksosystem til lands og sjøs i eit isfritt område av Antarktis kalla McMurdo Dry Valleys.[1] Programmet vart ein del av LTER-nettverket til National Science Foundation i USA i 1993 og vert finansiert gjennom det amerikanske Office of Polar Programs i seksårsperiodar.[2]

McMurdo Dry Valleys ligg innanfor McMurdo Sound i Ross Dependency, 3500 km rett sør for New Zealand og dannar det største relativt isfrie området (kring 4 800 km²) på Det antarktiske kontinentet.[1] Desse isfrie områda av Antarktis står i skarp kontrast til dei fleste andre økosystema i verda, som finst under langt mindre ekstreme naturtilhøve. Dei evig isdekte innsjøane, dei sjeldant flytande bekkane og det omfattande området med eksponert jordsmonn i McMurdo Dry Valleys er utsette for låge temperaturar, lite nedbør og akkumulering av salt. Dei tørre dalane representerer ein region som ligg på grensa til kva som må til for å oppretthalde liv.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre