National Science Foundation

National Science Foundation (NSF) er eit offentleg organ i USA som støttar grunnleggande forsking og utdanning i alle ikkje-medisinske felt av vitskap og teknologi. Den medisinske forskinga er dekt av National Institutes of Health. Med eit årleg budsjett på kring USD 6,87 mrd. (2010), finansierer NSF kring 20% av alle føderalt støtta grunnforsking utført av universiteta i USA.[1] I somme felt, som matematikk, informatikk, økonomi og samfunnsvitskap, er NSF den viktigaste kjelda for nasjonal støtte.

National Science Foundation

Skipa10. mai 1950
HovudkontorWashington
Tilsette2 100 (2018) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://nsf.gov Sjå dette på Wikidata

Direktøren i NSF, underdirektøren og dei 24 medlemmane i National Science Board (NSB)[2] vert utpeikte av presidenten i USA, og stadfesta av Sentatet i USA. Direktøren og underdirektøren er ansvarleg for administrasjon, planlegging og budsjett, i tillegg til daglege operasjonar, medan NSB møtes seks gonger i året for å fastslå dei generelle retningslinjene.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre