Medveditsa (russisk Медведица) er ei elv i Volgograd oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Elva er 745 km lang med eit nedslagsfelt på 34 700 km². Middelvassføringa hennar er 69 m³/s.

Medveditsa
elv
Medwediza (Atkarsk).jpg
Medveditsa ved Atkarsk
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 34 700 km²
Lengd 745 km
Middelvassføring 69 /s
Kjelde Volgahøgdene
Munning Don
Wikimedia Commons: Medveditsa River (Don basin)

Namnet Medveditsa tyder binne, og i følgje soga kjem det av den store mengda bjørn som tidlegare var i området.

Elva sprint ut frå Volgahøgdene i dei nordaustlege delane av Saratov oblast, og renn hovudsakleg sørvestover og inn i Volgograd oblast, der ho munnar ut i Don.

Dei største sideelvane hennar er Balanda og Tersa frå høgre, og Idolga, Karamysj og Artsjeda frå venstre.

Dei største byane ved elva er Petrovsk, Atkarsk, Zjirnovsk og Mikhajlovka. Elva er framkommeleg for skipsfart opp til Atkarsk.

KjelderEndra