Opna hovudmenyen

Melvin George «Mel» Schacher (fødd 8. april 1951)[1][2] er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som bassist for rockebandet Grand Funk Railroad.

Mel Schacher
MelSchacherGFR2002.jpg
Schacher i Gulfstream Park i Hallendale i Florida
Fødd8. april 1951 (68 år)
FødestadOwosso i Michigan
OpphavFlint i Michigan
Aktiv1960-åra til i dag
SjangerRock
InstrumentBassgitar
Tilknytte artistarQuestion Mark and the Mysterians, Grand Funk Railroad, Flint
PlateselskapCapitol, MCA

Tidleg karriereEndra

Schacher var fødd i Owosso i Michigan, og voks opp i Flint i Michigan. Han vart interessert i musikk då han var sju år gammal og spelte på banjoen til faren. Tolv år gammal hadde han byrja å spele gitar og så bass. 14 år gammal vart Schacher med i ein trio som spelte i bryllaup og talentkonkurransar.

Profesjonell karriereEndra

Seksten år gammal vart Schacher invitert til å erstatte bassisten Frank Lugo i Question Mark and the Mysterians, som då hadde hatt ein hitt med «96 Tears». I denne tida vart han møtt av den tidlegare Terry Knight and the Pack-trommeslagaren Don Brewer og songaren og gitaristen Mark Farner, som hadde arbeidd som the Fabulous Pack men som ønskte ei ny musikalsk retning. Dei ønskte å danne ein ny powertrio. Schacher vart med i det nye bandet, som fekk namnet Grand Funk Railroad og vart raskt kjende etter dei hadde spelt på Atlanta International Pop Festival i 1969.

Frå 1969 til 1975 var Grand Funk eit av dei store rockebanda i USA. Mange av albuma deira selde særs godt og dei fekk to singlar på toppen av den amerikanske singellista. I 1976 vart Grand Funk oppløyst på grunn av musikalske skilnader i bandet.

Farner, Brewer og Schacher valte å gje Grand Funk ein ny sjanse i 1980. Men Schacher hadde utvikla flyskrekk og valte å vere att.

Schacher arbeidde i fleire år som investor og stundom som musikar, før han nesten tilfeldig kom saman emd Farner og Brewer att i Grand Funk Railroad i 1996. Dei spelte inn eit konsertalbum og turnerte fram til 1998, då Farner slutta i gruppa for å fortsette solokarrieren sin. Schacher og Brewer fekk med seg Max Carl (38 Special), Bruce Kulick (Kiss) og Tim Cashion (Bob Seger, Robert Palmer) og har halde fram å turnere som Grand Funk Railroad sidan den gong.[3]

KjelderEndra

  1. «Grand Funk Railroad». NME. Henta 2. august 2016. 
  2. «Mel Schacher». Theamericanband.com. Henta 2. august 2016. 
  3. «Grand Funk Railroad». Classicbands.com. Henta 2. august 2016.