Flint er ein by sentralt i delstaten Michigan i USA. Han ligg ved Flintelva, 106 kilometer nordvest om Detroit. Byen har kringom 80 000 ibuarar og er ein del av storbyområdet Detroit–Ann Arbor–Flint. Flint er fylkessete i Genesee County.

Flint
by
Land  USA
Stat Michigan
Areal 88,210326 km²
Folketal 81 252 (1. april 2020)[1]
Kart
Flint i Michigan
43°01′08″N 83°41′36″W / 43.018888888889°N 83.693333333333°W / 43.018888888889; -83.693333333333
Wikimedia Commons: Flint, Michigan

Soge endre

Byen oppstod i 1819 som stasjon i pelshandelen, men voks sidan meir gjennom trelastnæringa. Staden fekk i 1855 bystatus som Flint. Mot slutten av 1800-åra var byen ein leiande produsent av vogner og kjerrer. Fyrste bilfabrikken, Buick Motor Company, opna i 1904 og General Motors vart grunnlagt i 1908. Byen voks til eit kraftsenter innom bilindustrien, basert på merka Buick og Chevrolet. Særleg framgangsrik var byen dei to fyrste tiåra etter andre verdskrigen. Flint var då nest største «bilbyen» i USA, einast Detroit var større. I 1960 budde 196 940 menneske i Flint.

Siden slutten av 1960-åra har Flint vore i ein vedvarande krisetilstand, Framom alt råka innskrenkingane til General Motors byen hardt. Frå ein topp på i kring 80 000 tilsette i 1978, reduserte bil-giganten arbeidsstokken til under 8 000 dei neste tretti åra. Allereie før ein kom så langt, var Flint vide kjent for sine høge kriminalitetsratar. Etter den tid har Flint jamnt vore rangert som ein av dei mest utrygge byane i USA.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Flint i Michigan