Melas Chasma
Melas Chasma er ei djup og vid kløft på Mars og ein del av Marinerdalane.
Delar av Melas Chasma når kring 9 kilometer under nivået til platået like ved, noko som svarar til 5 kilometer under nullhøgda på Mars. Dette gjer Melas Chasma til ein av dei lågaste stadene på Mars.
Det finst avsetjingar i Melas Chasma som ser ut til å ha vore avsett av anten flytande vatn, vassis eller gjørme.
Rett aust for Melas Chasma ligg Ius Chasma, og rett vest ligg Coprates Chasma. I nord ligg Candor Chasma. I sørvest ligg Sinai Planum.[1]
Kjelder
endre- ↑ Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-18 Coprates»)