Melodrama

Melodrama (av gresk melōidía eller melos, 'song', og drama, 'skodespel') var opphavleg ei form for syngespel (opera). I dag blir uttrykket gjerne brukt om eit kjenslerikt skodespel prega av sentimentalitet, sterke effektar og stundom akkompagnement av instrument.

Eit melodrama liknar den klassiske tragedien, men har ein lykkeleg slutt. I romantikken var det ein teatersjanger med mange kjensler og kan sammenliknast med moderne såpeopera. Omgrepet «melodrama» blir også nytta i breiare tyding om eitkvart kunstnarisk verk, som ein film eller ei forteljing, der innhald og handling er framheva framfor karakterskildring.

KjelderEndra

BakgurnnsstoffEndra