Melsteinfjorden
65°13′42″N 11°53′31″E / 65.22833°N 11.89194°E Melsteinfjorden er ein fjord i Sømna kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km nordaustover frå holmen Melsteinen vest for innløpet til Bindalsfjorden og til Lyngværet på austsida av fjorden i nord.
I aust grensar fjorden til Helgelandsflesa, Gimlinga og Kvaløya. I vest grensar han til Gamflesa og Horuvan. Vest for desse ligg Gimsafjorden.