Merano

kommune i Italia
(Omdirigert frå Meran)

Meran (tysk), eller Merano (italiensk), eller Maran (ladinsk), er ein by og ein kommune i provinsen Bolzano/Sør-Tyrol i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Kommunen har 38 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 26 km². Byen ligg i ei gryte, 325 meter over havet, mellom fjell som er opptil 3 335 meter over havet.

Utsyn over Meran, sett mot nordvest

Meran er den nest største byen i provinsen og ligg ved elva Etsch (italiensk Adige), der dalføra Vinschgau, Passeiertal og Ultental møtest. Han er ein turist- og kurstad, ettertrakta for sitt milde klima.

52 % av ibuararane i kommunen har tysk til morsmål, medan 48 % italiensktalande.

Meran låg under Austerrike fram til 1919, då vart byen underlagt kongeriket Italia.

Ymse endre

Finalen i Handball-VM 2001 for kvinner mellom Russland og Noreg fann stad i Merano.

Kjelder endre