Mercury Seven
The Mercury Seven (og kjend som The Original Seven eller astronautgruppe 1) var ei gruppe på sju astronautar som den 9. april 1959 vart plukka av NASA til å ta del i Mercury-programmet. Dette er den einaste astronautgruppa som deltok på alle typar bemanna romferdsprogram som fann stad på 1900-talet. Frå Mercury- og Gemini-ferdene, Apollo-programmet og til sist, John Glenn si ferd på STS-95 i romferjeprogrammet.
Pr. mai 2009, er det berre John Glenn og Scott Carpenter som framleis er i live av the Mercury Seven.
Dei sju utvalde:
endre- Alan Bartlett Shepard Jr., United States Navy, (1923 – 1998)
- Virgil Ivan (Gus) Grissom, United States Air Force, (1926 – 1967)
- John Herschel Glenn Jr., United States Marine Corps, (1921 – 2016)
- Malcolm Scott Carpenter, United States Navy, (1925 – 2013)
- Walter Marty (Wally) Schirra Jr., United States Navy, (1923 – 2007)
- Leroy Gordon Cooper Jr., United States Air Force, (1927 – 2004)
- Donald Kent (Deke) Slayton, United States Air Force, (1924 – 1993)