Mere Sands Wood
53°38′08″N 2°50′14″W / 53.635491°N 2.83709°W
Mere Sands Wood er eit 42 hektar stort naturreservat vest i Lancashire i England, forvalta av The Wildlife Trust for Lancashire, Manchester & North Merseyside. Det ligg om lag 8 km frå Ormskirk[1]. Namnet kjem frå då område strekte seg til breidda av Martin Mere[1].
Reservatet består av innsjøar, gammal breiblad- og barskog, sandete, fuktige enger og lyngheier[1]. Desse ligg oppå lag av sand og torv som er avleiringar etter den siste istida[1]. Mellom 1974 og 1982 vart det grave ut sand i område for for glasproduksjon.[1]. Staden vart omgjort til eit naturreservat då utvinninga var over.[1]. Reservatet har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av geologien her.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mere Sands Wood» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: