Opna hovudmenyen
Merja
Klassifisering: Uralsk
 Finsk-ugrisk
Bruk
Var tala i: Russland
Språkkodar
██ Utbreiingsområde for merjatalande folk rundt år 1000 e.Kr.

Merja var eit uralsk språk som vart snakka i området rundt Moskva. Elvenamnet «Moskva» er sannsynlegvis av merjansk opphav.

Merjanarane er nemnd i Nestorkrønika (1133), der dei blir rekna opp som eitt av fleire finskugriske folk. Kjeldene seier ikkje noko om sjølve språket anna enn kvar det vart snakka, så det vi veit om merja, muroma og andre uralske språk som vart snakka i område mellom dei mordvinske og dei austersjøfinske språka har vi frå hydronym (namn på elver og sjøar) i områda der dei vart snakka.

Merja døydde ut seinast i det 13. hundreåret, talarane gjekk over til å snakke austslavisk.

LitteraturEndra

  • Ahlqvist, A. (2006). Ancient lakes in the former Finno-Ugrian territories of Central Russia: an experimental onomastic palaeogeographical study. teoksessa J. Nuorluoto (red.), The slavicization of the Russian North : mechanism and chronology (Sivut 11-49). (Slavica Helsingiensia; Nro 27). Helsinki: University of Helsinki.
  • Rahkonen, Pauli 2013: The South-Eastern Contact Area of Finnic Languages in the Light of Onomastics. Phd. avh. Helsingin yliopisto, humanistinen tiedekunta, suomen kielen, suomalais-ugrilaisten ja pohjoismaisten kielten ja kirjallisuuksien laitos.