Meryll Abrahamsen
Meryll Krysteen Abrahamsen Rosales Serrano (fødd 20. juli 1997) er ein norsk-filippinsk fotballspelar frå Veavågen på Karmøy,[1] som spelar for Stabæk.[2]
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 20. juli 1997 | ||
Fødestad | Mangaldan | ||
Posisjon | Midtbane, angrep | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Stabæk | ||
Nummer | 10 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2012–2014 | Haugar | 48 | (6) |
2015–2018 | Avaldsnes | 55 | (8) |
2019 | LSK Kvinner | 13 | (3) |
2020–2022 | Arna-Bjørnar | 38 | (7) |
2023– | Stabæk | 26 | (4) |
Landslag | |||
2012 | Noreg J15 | 2 | (0) |
2019 | Noreg U23 | 7 | (2) |
2022– | Filippinane | 10 | (4) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. mars 2024 ‡ Landslagsmål oppdatert 24. mars 2022 |
Karriere
endreKlubbkarriere
endreAbrahamsen debuterte for A-laget til Haugar som 14-åring i 2012, og spelte tre sesongar for klubben i 2. divisjon før ho gjekk til Avaldsnes.[3] Ho debuterte i Toppserien mot Røa i oktober 2015, og scora på si fyrste ballberøring etter å ha vore på banen i berre halvtanna minutt.[4] Ho fekk kun to kampar i Toppserien i 2015, men fekk eit innhopp i cupfinalen mot LSK Kvinner.[5] Ho spelte seg til ein sentral del av laget i løpet av dei neste sesongane, og blei cupmeister med klubben i 2017.[6]
I januar 2019 signerte Abrahamsen ein eittårskontrakt med LSK Kvinner.[7] Ho var med å vinne både serie og cupen med klubben same sesong.[8]
I desember 2019 signerte Abrahamsen for Arna-Bjørnar.[9] I november 2021 forlende ho kontrakten med klubben.[10]
I januar 2022 signerte Abrahamsen for Stabæk.[2]
Landslagskarriere
endreAbrahamsen har aldersbestemte landskampar for Noreg.[11] I 2022 fekk ho tilbod om å spele for det filippinske landslaget, som ho var kvalifisert til spel for ettersom at mora hennar kjem frå Filippinane.[12]
I desember 2022 scora Abrahamsen sitt fyrste landslagsmål for Filippinane i ein vennskapskamp mot Papua Ny-Guinea.[13]
Abrahamsen var ein del av den filippinske troppen til VM i Australia og New Zealand i 2023, der ho var med å møte Noreg i gruppespelet.[14]
Merittar
endreMed Avaldsnes
endreMed LSK Kvinner
endreKjelder
endre- ↑ Grøttland, Odd Kåre (4. september 2020). «(+) – Det tøffeste var å flytte fra pappa». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ 2,0 2,1 «Kreativ spiller med mange års erfaring». Stabæk. Henta 13. januar 2023.
- ↑ Kristiansen, Geir-Å (30. desember 2014). «Ny spiller til Avaldsnes». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Grøttland, Odd Kåre (31. oktober 2015). «Debutant scoret etter halvannet minutt». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Grøttland, Odd Kåre (21. november 2015). «Meryll Abrahamsen: - Surt og stort». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «Første cupmesterskap til Avaldsnes: – Det betyr alt». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Holterhuset, Martin (3. januar 2019). «(+) Klar for LSK Kvinner, men får ikke spille mesterliga for sin nye klubb». Romerikes Blad (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Grøttland, Odd Kåre (23. november 2019). «Denne veabuen er unik». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ Haaland, Bernt-Eirik (20. desember 2019). «(+) Store utskiftninger i Arna-Bjørnar». Bergensavisen (på norsk). Henta 25. februar 2022.
- ↑ «Signerte ny kontrakt til full jubel». Arna-Bjørnar (på norsk bokmål). 24. november 2021. Henta 25. februar 2022.
- ↑ Fotballforbund, Norges. «Meryll Krysteen Abrahamsen Rosales Serrano - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 7. januar 2023.
- ↑ AS, TV 2 (2. januar 2023). «Like etter nedturen, kom en helt spesiell melding i innboksen». TV 2 (på norsk). Henta 7. januar 2023.
- ↑ «Filipinas Put Five Goals Past PNG In Friendly». Philippine Football Federation. 12. desember 2022. Henta 12. desember 2022.
- ↑ «Bodde sammen. Nå møtes de i VM-kamp: – Surrealistisk». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 28. juli 2023. Henta 6. august 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Meryll Abrahamsen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Meryll Abrahamsen Serrano hos Footballdatabase
- Meryll Abrahamsen Serrano hos Noregs Fotballforbund
- Meryll Abrahamsen Serrano hos Soccerdonna