Ringtåka

(Omdirigert frå Messier 57)

Ringtåka (katalogisert M57 og NGC 6720) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 2300 lysår unna i stjernebiletet Lyra. [2]

Hubble-bilete frå 1998 av Ringtåka. Blått representerer ionisert helium, grønt ionisert oksygen og raudt ionisert nitrogen.[1]
Plasseringa til Ringtåka i Lyra

Tåka blei oppdaga i 1779 av den franske astronomen Antoine Darquier de Pellepoix.[3] Slike objekt vert danna når eit skal av ionisert gass vert kasta utover av ei raud kjempe i det siste stadiet av stjerneutviklinga før ho vart ein kvit dverg.

Kjelder

endre
  1. Biletteksten til 1998 Hubble-biletet på Hubble-sida
  2. O'Dell, C. R.; Balick, B.; Hajian, A. R.; Henney, W. J.; Burkert, A. (2002). «Knots in Nearby Planetary Nebulae». The Astronomical Journal 123 (6): 3329–3347. doi:10.1086/340726. 
  3. «Messier 57» - om ringtåka på seds.org
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.