Oksygen

grunnstoff med kjemisk symbol O og atomnummer 8

Oksygen, eldre òg surstoff eller nøre, er eit grunnstoff med kjemisk symbol O og atomnummer 8. Det høyrer til ikkje-metalla, og ligg i gruppe 16 i det periodiske systemet. Grunnstoffet har to allotrope former, oksygengass (O2) og ozon (O3). Oksygenmolekylet er vanlegvis paramagnetisk, men diamagnetisk former finst.

Nitrogen Oksygen Fluor

Basisdata
Namnoksygen
SymbolO
Atomnummer8
UtsjånadFargelaus
Plass i periodesystemet
Gruppe16
Periode2
Blokkp
Kjemisk serieIkkje-metall
Atomeigenskapar
Atomvekt15,9994 u
Kalkulert atomradius60 (48) pm
Elektronkonfigurasjon[He]2s22p4
KrystallstrukturKubisk
Fysiske eigenskapar
StofftilstandGass
Smeltepunkt−222,8 °C, 50,35 K
Kokepunkt−182,97 °C, 90,18 K
Molart volum11200 cm³/mol
Tettleik1,429 kg/m³
Hardleikn.a. kg/m³
Fordampningsvarme3,4099 kJ/mol
Smeltevarme0,22259 kJ/mol
Lydfart317,5 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
3,44
Termisk konduktivitet0,02674 W/(m·K)
Ioniseringspotensial1320 kJ/mol
3395 kJ/mol
5307 kJ/mol
7476 kJ/mol
10996 kJ/mol
13333 kJ/mol
71343 kJ/mol
84086 kJ/mol

Særlege kjenneteikn

endre

Oksygen er elektronegativt. Som dioksygen, O2, er oksygen ein fargelaus, luktfri gass. I væskeform er stoffet svakt blåfarga. Molekylet er ikkje polart. Oksygengass er lite løyseleg i vatn.

Ozon er ein termodynamisk ustabil diamagnetisk gass med sterk lukt.

Historie

endre

Oksygen vart oppdaga på 1700-talet. Joseph Priestley, Carl Wilhelm Scheele og Antoine Lavoisier var med på dette.

Biologisk rolle

endre

Oksygengass vert danna under fotosyntesen, og er viktig for dyr og menneske.

Førekomst og framstilling

endre

Oksygen er det vanlegaste grunnstoffa på jorda. Jordatmosfæren inneheld om lag 21 % oksygengass og nesten halvparten av alle atom i jordskorpa er oksygenatom. I jordskorpa finst grunnstoffet særleg som SiO2. I tillegg finst store mengder bundne i vatn (H2O). Mange syrer og basar inneheld oksygen.

Oksygen vert vanlegvis framstilt ved fraksjonell destillering av luft. I laboratoriet er det mogleg å framstilla gassen på fleire måtar.

Kjemi og sambindingar

endre

Sidan oksygenatomet er lite og dannar sterke dobbeltbindingar, får det ikkje meir enn fire kovalente bindingar.

Nesten alle grunnstoff reagerer med O2-molekylet anten ved romtemperatur eller ved oppvarming. Det er derfor ein viktig reagens.

Oksygen er med i mange sambindingar, både organiske og uorganiske. Alkoholar, aldehyd og karboksylsyrer er eksempel på organiske sambindingar. Elles er oksygen mellom anna med i oksid (til dømes karbondioksid (CO2), Hydrogenperoksid (H2O2) og vatn (H2O).

Oksid kan vera sure, basiske eller amfotære avhengig av kva andre grunnstoff dei inneheld.

Isotopar

endre

Tryggleik

endre

Ozon er giftig.

Sjå òg

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oksygen

Kjelder

endre