Metamikt tilstand

(Omdirigert frå Metamikt)

Metamikt tilstand er ein eigedommeleg amorf tilstand som einskilde naturlege mineral finn seg i. Dei kan då nærast samanliknast med glas, for mineral i metamikt tilstand forheld seg isotrope både for lys- og røntgenstrålar.

Nemninga (opphavleg metamikt amorf) vart innført av W.C. Brøgger i 1893 i ein artikkel i Salmonsens store illustrerede Konversationsleksikon.

Kjelder endre