Methóni
Lokalt namn Μεθώνη

Methóni i solnedgang
Geografi
Methóni is located in Hellas
Stad Peloponnes
Koordinatar 36°49′N 21°42′E / 36.817°N 21.700°E / 36.817; 21.700

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Peloponnes
Messinía
Pýlos-Néstoras
Hovudsete Methóni (1 103 innb.)
Demografi
Folketal 2 598 (2011[1])

Methóni (gresk Μεθώνη) er ein landsby og tidlegare kommune i Messinía i Peloponnes i Hellas. Frå 2011 er han ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes.[2]

Namnet kjem frå Mothona, ei mytisk klippe. Methóni ligg 11 km sør for Pýlos og 11 km vest for Finikoúnda. Den kommunale eininga Methóni omfattar dei nærliggande landsbyane Grizókambos, Finikoúnda, Finíki, Lakhanáda, Varákes, Kainoúrjo Khorió, Kamária, Evangelismós og Innoússes-øyane. Sistnemnde består av Sapiéndza, Skhíza og Ajía Marianí og dannar eit naturleg vern av hamna i Methóni.

Tápia, Kokkiniá og Kritiká er område nær landsbyen med vakre strender.

Byen er òg kjend under det italienske namnet Modon eller Modona, som han vart kalla under venetianarane. Turisme dominerer industrien her og ho har flotte strender i sør med restaurantar, barar, tavernaer og hotell for turistane. Jordbruk og tenester er andre næringar.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Methóni 2 598 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 103 innbyggjarar.[1]

Referansar endre

Kjelder endre