For periferien med same namn, sjå periferien Peloponnes.

Peloponnes (gresk Πελοπόννησος, Pelopónnisos) er ei stor halvøy sør i Hellas og ein av dei tradisjonelle regionane i landet. Haøvøya dannar delen av det greske fastlandet sør for Korintbukta og er i dag delt mellom periferiane Peloponnes og Vest-Hellas.

Hellas og Peloponnes

Geografi endre

 
Satellittbilete av Peloponnes

Peloponnes dekkjer eit areal på 21 549 km² og utgjer den sørlege delen av det greske fastlandet. Teknisk sett er Peloponnes ei øy sidan Korintkanalen sidan 1893 har skild halvøya frå resten av fastlandet. Ho er forbunde til fastlandet to stader, ved Korinteidet og via Río-Andírio-brua (som stod ferdig i 2004).

Halvøya er fjellkledd i indre områda og har ein taggete kyst. Taýjetos er det høgaste punktet. På Peloponnes finn ein vidare fire halvøyar som peiker sørover, Messinía, Mánihalvøya, Kapp Maléa og Argolída lengst nordaust.

To øygrupper ligg utanfor kysten av Peloponnes: Dei saroniske øyane i aust og Dei joniske øyane i vest. Øya Kýthira, sør for Peloponnes, vert rekna som ein del av Dei joniske øyane.

Historie endre

 
Kart over Peloponnes i antikken. (interactive version)

Halvøya har vore busett sidan førhistorisk tid. Det moderne namnet kjem frå gresk mytologi, særleg frå segna om helten Pelops, som skal ha erobra heile området. Namnet Peloponnesos tyder «Øya til Pelops». I mellomalderen vart halvøya kalla Morea. Dette kjem visstnok av at krossfararar fann ho tett planta med morbærtre (gresk: moreai) som den blømande silkeindustrien nytta seg av.

Den første sivilisasjonen på det greske fastlandet, den mykenske siviliasjonen, dominerte Peloponnes i bronsealderen frå skansen ved Mykene nordaust på halvøya. I antikken var Peloponnes i sentrum for dei antikke grekarane og innehaldt nokre av dei mektigaste bystatane og var åstad for nokre av dei blodigaste slaga. Av bystatar fann ein Sparta (i dag Spárti), Korint, Árgos og Megalopolis (i dag Megalópoli), og var heimstad for Det peloponnesiske forbundet. Halvøya var involvert i persarkrigane og var åstad for peloponnesarkrigen i 431 fvt.-404 fvt.. Ho vart ein del av Den romerske republikken i 146 fvt. og vart provinsen kalla Achaea.

Peloponnes vart så ein del av Austromarriket (men delar av ho kom under slavisk styre mellom 618 og 805) fram til Det fjerde krosstoget i 1204venetianarane og frankarane tok over. Frankarane grunnlag Fyrstedømet Achaea på den nordlege halvdelen i 1205, medan venetianarane okkuiperte fleire hamner på kysten som Monemvasiá, Pýlos og Koróni, som dei haldt fram til 1400-talet. Austromarane fekk kontroll igjen over dei søraustlege delane av halvøya rundt festningsverka ved Mystrás nær Spárti. Frå her oppstod den greske Despotatet Morea frå midten av 1200-talet til midten av 1400-taletosmanarane erobra halvøya mellom 1458-1460. Venetianarane okkuperte halvøya mellom 1685-1718 etter dei sigra i den moreanske krigen (1684-1699), men tyrkarane fekk igjen kontroll i 1715. Gjennom 1700-talet stod osmanarane sterkt på halvøya og og berre opprørara på Mánihalvøya, den sørlegaste delen av Peloponnes, og bandane til kleftarane gjorde sporadisk forsøk på opprør. Russarane framkalla Orlovopprøret i 1770 som midlertid truga det osmanske styret, men det vart raskt og brutalt slått ned på.

Peloponnesarane spelte ei viktig rolle i den greske sjølvstendekrigen. Krigen byrja faktisk på Peloponnes då opprørarar tok kontroll over Kalamáta 23. mars 1821. Det avgjerande slaget ved Navarino vart utkjempa utanfor Pýlos på vestkysten Peloponnes og byen Návplio på austkysten vart sete for det første sjølvstendige, greske parlamentet.

1800- og 1900-talet vart regionen ei relativ fattig bakevje og ein stor del av folkesetnaden emigrerte til større byar i Hellas, særleg til Aten, og andre land som USA og Australia. Ho vart hardt råka av den andre verdskrigen og den påfølgjande greske borgarkrigen og nokre av dei verste tilfella av hjarteløyse i Hellas fann stad her. Levestandarden har sidan den gong auka kraftig, særleg etter at landet vart medlem av EU i 1981. Landsbygda på Peloponnes er kjend for å vere den mest tradisjonelle og konservative regionen i Hellas og ein stad der partiet Ny Demokrati på høgresida står sterkt. Dei større urbane områda, som Kalamáta og særleg Pátra er bastionar for sentrum og venstresida representert ved PASOK.

Brannane i 2007 endre

 
Skogbrannane i 2007 sett frå rommet

Seint i august 2007 vart store delar av Peloponnes råka av skogbrannar, som førte til øydeleggingar i tallause landsbyar, skogar og meir enn 60 dødsfall. Innverknaden av brannane på miljøet og økonomien i regionen er enno ikkje kjend. Det ein derimot veit så langt er at desse brannane er dei største skogbrannane i europeisk historie og den største miljøkatastrofen i Hellas nokon gong.

Periferiane og periferieiningane endre

Periferiane i Peloponnes og periferieiningane deira er:

Periferi Hovudstad Areal Folketal
Vest-Hellas
Del av Vest-Hellas består av:
5 899 km² 468 994
1 Periferieininga Akhaía Pátra 3 271 km² 309 694
2 Periferieininga Ilía Pýrgos 2 618 km² 159 300
Peloponnes
består av:
Trípoli 15 490 km² 577 903
3 Periferieininga Arkadía Trípoli 4 419 km² 86 685
4 Periferieininga Lakonía Spárti 3 636 km² 89 318
5 Periferieininga Messinía Kalamáta 2 991 km² 159 954
6 Periferieininga Argolída Návplio 2 154 km² 97 044
7 Periferieininga Korinthía Korint 2 290 km² 145 082
Attikí
Del av Attikí består av:
241 km² 7 143
8 Kommunen Trizinía i Periferieininga Øyane 241 km² 7 143
Totalt Peloponnes 21 630 km² 1 054 640[1]

Byar endre

Dei største byane på Peloponnes er (folketeljing i 2001):

Arkeologiske stader endre

Det er mange viktige arkeologiske stader på Peloponnes frå bronsealderen til mellomalderen.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

Koordinatar: 37°21′N 22°21′E

Tradisjonelle regionar i Hellas
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta