Metonym

(Omdirigert frå Metonymi)

Metonym eller erstattingsord er ord eller uttrykk som står i staden for eit anna ord eller uttrykk. Den opphavlege tydinga og den erstatta tydinga kan vera knytte saman til dømes ved nærleik i tid, rom eller årsak, eller ved eit del- eller heilskapstilhøve. Erstattingsordet er gjerne ein del av eit større heile, slik som «hovud» for «menneske». Ordtaket «pennen er mektigare enn sverdet» er eit døme på metonymi der pennen representerer «det skrivne ordet» medan sverdet står for «muskelkraft» eller «våpenmakt».[1] Eit anna døme på metonymi er å nytte namnet Henrik Ibsen om verka til denne forfattaren i staden for om personen sjølv: «Henrik Ibsen finn du på øvste hylle.» Det er eit årsakstilhøve mellom Henrik Ibsen og bøkene han skreiv.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «metonym». Store norske leksikon (på norsk). 24. september 2019.