Metrostasjonen Victor Hugo
Victor Hugo er ein stasjon på linje 2 på metroen i Paris. Han er kalla opp etter forfattaren Victor Hugo. Når stasjonen blei bygd i 1900 blei han plassert i ein skarp sving mellom Avenue Victor Hugo og Avenue Bugeaud. Når det kom nye vogner i 1931 gjorde denne svingen at det ikkje blei trygt for passasjerane å gå av og på. Dermed måtte ein flytte stasjonen litt nærmare metrostasjonen Charles de Gaulle - Étoile der skinnegangen retta seg ut.