Mette Rosenlund (fødd 1977) er ein norsk lokalpolitikar som representerer partiet Raudt.[1] Saman med ektemannen Hendrik Weber skipa ho i 2017 foreininga Folkediplomati Norge.[2]

Mette Rosenlund
Fødd1977 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkepolitikar

Rosenlund er ein av fleire representantar for Folkediplomati Norge som har reist til Krimhalvøya under påskott av å vere valobservatørar.[3][4] Reisane har fått kritikk frå det norske utanriksdepartementet ettersom Noreg ikkje har anerkjent val i den russisk-okkuperte delen av Ukraina. Det har også komme reaksjonar på desse besøka i Ukraina.[5]

Referansar endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.