Meudon er ein kommune i departementet Hauts-de-Seine i regionen Île-de-France nord i Frankrike. Kommunen er ein forstad til Paris, og ligg nokre kilometer sørvest for Paris' indre by.

Observatoriet i Meudon,

I mellomalderen var området prega av jordbruk med vin- og korndyrking. Men etter kvart vart det bygd kyrkjer, kloster og to slott her. Kronprins Ludvig (Louis de France) òg kalla Le grand dauphin, bygde i 1700 ut slottet i Meudon til eit praktfullt barokkslott med ein særs stor park. Dette slottet vart øydelagt av brann 1871 og erstatta av eit astronomisk observatorium som no høyrer til det astronomiske observatoriet i Paris (l'Observatoire de Paris), som har tilhald i avenue de l'Observatoire i Paris. Deler av parken etter slottet til Le grand dauphin er teke vare på, og er open for publikum. Herfrå er det vidt utsyn over Paris.

Den internasjonalt namngjetne skulptøren Auguste Rodin (1840-1917) fekk seg i 1893 bustad og arbeidsstad i la Villa des Brillant i Meudon, og vart jordfesta på denne eigedomen. Eigedomen er no museum, og inngår som ein del av Musée Rodin.