Musée Rodin er eit museum i Frankrike med to utstillingsstader, L'hôtel Biron frå 1800-talet i rue de Varenne i sjuande arrondissement i Paris, og la Villa des Brillants i Meudon i Hauts-de-Seine. Museet vart skipa i 1919 for å samle, konservere, stille ut og gjere tilgjengeleg kunsten som Auguste Rodin (1840-1917) etterlet seg. Her vert det teke vare på ei samling av nesten 6 800 skulpturar, 8 000 teikningar, 10 000 gamle fotografi og 8 000 andre kunstobjekt.

Musée Rodin, L'hôtel Biron, sett frå museumshagen.
Musée Rodin, la Villa des Brillants.

La villa des Brillants vart innreia som museum i 1930, og har ei stor samling av gipsmodellane til mange av dei mest kjende verka til Rodin. Villaen vart restaurert 1997 på grunnlag av fotografi for å rekonstruere dei fysiske rammene for livet og arbeidet til Rodin. I 1900 var eit femtitals personar i arbeid for Rodin, mellom dei mange praktikantar, støyparar og andre arbeidarar, og sjølv om Rodin reiste dagleg frå Medon til sine verkstader i Paris, var det i Meudon mesteparten av hans mest personlege verk vart utvikla. Det var òg her han tok i mot vener, modellar, kjøparar og kjende franske og internasjonale personar.

Bakgrunnsstoff endre