Mianyang
Mianyang (forenkla kinesisk 绵阳; pinyin Miányáng) er eit byprefektur og ein stor by i provinsen Sichuan i det vestlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 20 281 km2, folketalet vart i 2004 berekna til 5,29 millionar. Mianyang er den nest største byen i Sichuan, etter hovudstaden Chengdu.
绵阳 (Miányáng) | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Provins |
Kina Sichuan |
Geografi | |
Flatevidd | 20 256,88 km² |
Innbyggjarar - By (2010; 2020) |
4 613 862, 4 868 243 |
Koordinatar | 31°28′N 104°45′E / 31.467°N 104.750°E |
Tidssone | UTC (UTC+8) |
Diverse anna | |
Postnummer | 621000 |
Heimeside: http://www.my.gov.cn/ | |
Nettstad: www.mianyang.gov.cn | |
Plassering | |
Byprefekturet Mianyang omfattar to distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì), fem fylke (县 xiàn), samt eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).
Mianyang er eit av Kinas største senter for elektroindustri. Mange store selskap har hovudsete i byen. Mianyang har seks universitet og høgskular, og fleire kjende forskingsinstitusjonar.
- Denne artikkelen bygger på «Mianyang» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2011.