Opna hovudmenyen

Michał Serwacy Wiśniowiecki

Prins Michał Serwacy Wiśniowiecki (13. mai 168018. september 1744) var ein polsk-litauisk szlachcic av Gediminid-opphav.

Michał Serwacy Wiśniowiecki
Michał Servacy Višniaviecki. Міхал Сэрвацы Вішнявецкі.jpg
Fødd 13. mai 1680
Lviv
Død

18. september 1744
Merkinė

Yrke diplomat
Michał Serwacy Wiśniowiecki på Commons

Han var litauisk felthetman i 1702-1703 og 1707–1735, slottsforvaltar i Vilnius frå 1703, storhetman av Litauen i 1703-1707 og igjen i 1735. Frå 1730 var han regimentarz i den litauiske armeen. Han var voivode av Vilnius 1706-1707 og 1735. Fleire gonger var han marskalk i den litauiske domstolen. Frå 1720 var han storkanslar av Litauen

Under borgarkrigen i Litauen i 1700 var Wiśniowiecki leiar for motstandarane mot Sapieha-klanen og slo dei i slaget ved Olkieniki, og øydlea deira Ruzhany slott. Han støtta August II den sterke fram til 1707, då han tok sida til Stanisław Leszczyński. Same året vart han fengsla av russarane og sidan 1709 var han i eksil. I 1716 aksepterte han styret til August II og kom attende.

KjelderEndra